Etter børskrakket i 1929 blei det nokre harde tider i trettiåra. Det blei arbeidsløyse på 25%, lønene var låge, og ein måtte ta i mot det som var av arbeid. Politikerane som skulle prioritera og bestemma, hadde det utrulig vanskelig. Mange meinte skulane måtte stenja og lærrane kunne ta anna arbeid. Lærarskulane blei stengde nokre år
Lars Eintveit var lærar på Skarveland skule på Sandvoll, tilsett med 34 veker og rekna som full post. Skånevik kommune måtte spara pengar og bestemte at Lars sin post blei sett ned til 22 veker. Så var han heldig då Eintveit skule trong lærar, der fekk han 14 veker.
Skuleruta blei då 3 – 4 veker i Skarveland og 2 – 3 veker på Eintveit skule. Slik vart i frå 1930 – 1937. Årsløna var 3 000 kr. Mange meinte lærarlønna var for høg.
Boligen som følgde på Eintveit skule var eit lite kammers i skulehuset. Her budde Lars med kona Lina Margrete og dottera Gunnhild. Det var enkle vegger mellom skulestova og kammerset. Synøve Djuve Strand var elev og fortalte: dei høyrde frå naborommet: «pappa nå må du koma, mamma har laga komler»