Har budd folk lenge
På Eintveit har det budd folk fra år 900 e. Kr. Frå Svartedauden kring år 1350 til år 1600 låg garden øyde. 

Trulig i 1771 blei Eintveit delt i to bruk, Eintveit bruk nr 1 og bruk nr 2.
 
I 1954 blei gamlehuset på Eintveit rive og Johannes bygde nytt hus litt lenger nede mot fjorden og som han kalla Nertveit. Johannes og Jorunn budde på Nertveit til i 1993, då flytta dei til Etne. Frå 1993 var det ingen fastbuande på Eintveit, nabogardane Bjelland var også fraflytta.