Ola Eintveit (1879-1966) min bestefar. Faren Lars Lauareid (1842-1925) kom frå Nonshaug i Etne, han var gift med Ingeborg Skromme (1839-1904).
Ola hadde ei søster Ingeborg (1877-1941), henne veit me lite om, ho helt seg mest inne på loftet.
Ola blei ofte kalla "nonsen", fordi han kom fra Nonshaug. Han hadde god helse, var sprek og lett på foten, interissert i jakt og fiske. I fjorden var det fisk og etter ein jakttur kom han ofte heim med god fangst. Ola dreiv garden med sauer, geiter, kyr og hest. Dei måtte ofte spe på høyet med skav av ask og eik.
I 1901 gifte han seg med Gunnhid Djuve, dotter til "stordjuven" Ola Djuve. Fra 1902 til 1919 fekk Ola og Gunnhild 10 born. Lars (1902-1994), Guro (1903-1997), Ola (1905-1920), Ingeborg (1907-1983), Johannes (1909- 1993), Nils Johannes (1910-1944), Gerhard (1912-2005), Emerense (1914-2010), Olav (1916-1920) og William (1919-2019).