Sjukdom i familien
I 1920 ble familien råka av ein smittsam lungesjukdom (trulig «Spansko»). Fleire vart sjuke og Ola 15 år og Olav 4 år døde.

Ingeborg blei sjuk blei lagt inn på Valen sjukehus og budde der dei siste 45 år.

Dei andre borna stifta familie og etter kvart er det blitt svært mange etterkomarar. 

Mora Gunnhild fekk tuberkulose og døde i 1927, 52 år gammal. Ola vart ekstremt reinsleg, han stelte huset og den sjuke kona og ingen av borna blei smitta.  

Han viste og samfunnsansvar, var med i skule- og bedehusstyret. Gunnhild og Ola var flinke å synja og kunne  opptre med song på bedehuset. 

Ved sjukdom i grannelaget kunne Ola med bibel i hand koma og gi trøyst.