Gunnhild hadde to søstre i nærheten, det var Gurine på Bjelland og Marta på Djuve. Då dei gjekk ofte på besøk til kvarandre, då gjekk dei gjerne og strikka og song.
Gunnar Bjelland skriv i RØYSTER SOM TAGNA: «Skulevegen vår gjekk gjennom Eintveit-tunet. Me stoppa og snakka med dei. Det var alltid smil og noko muntert i desse samtale våre»
Ola fekk skøyte på garden først i 1915 og dreiv garden til han var om lag 70 år. Då håpte han at ein av borna kunne overta garden. Det blei ei vannskelig tid. Men ingen våga og ta over.
Så kjøpte naboen Toralv og Elias Djuve garden, dei hadde då både Eintveit 1 og 2 .
Så enda det med at Johannes og tok garden Eintveit 1 tilbake på odel. Etter Johannes overtok bygde han først løe og 1954 ble det hus på Nertveit. Johannes og Jorunn dreiv garden fram til og 1980. I 1992 flytta dei til Etne.
Både Bjelland og Eintveit blei fråflytta i 1993.
Nå det det blitt gode ferie plasser. Husa er blitt tatt godt vare på av etterkommerne.