Ingeborg
Har ikkje eit godt bilde av Ingeborg, det me har er tatt i bryllaupet til Lina Margrete og Lars i Stavanger 1931.

Då mora Gunhild var sjuk blei Ingeborg heime på Eintveit. I 1926 skreiv Ingeborg til broren Lars "mor ligg mest støtt no". Gunhild døde februar 1927. Så blei det til at Ingeborg blei heime og var husmor i fleire år.

Ingeborg fekk plass som gardsgjente i Vetlefjorden, det høyrde med til arbeidet å vera stølsgjente, ofte måtte ho då vera åleine på stølen. Det vart vanskelig for henne.

Lars måtte reisa og hente henne, på vegen heim var dei innom ein psykiater i Bergen. Etter kvart vart ho innlagt på Valen psykiatiske sykehus. Ho ble på Valen dei siste 45 år.

Ingeborg blei gravlagt på Åkra kyrkjegard november 1983 i same grav som mora Gunhild var gravlagt 56 år tidligare. Det var Harald Eintveit som forretta, han var då sokneprest i Skånevik.