På grunn av brot mellom nasistane og kyrkja i 1942, la alle prestane ned sine embeter. Sorenskrivar overtok vigslinga og ga fulllmakt til lærar Enes i Toftevågen.
Gudrunn og William gifta seg i november 1942. Vigslinga blei hos Enes i Toftevågen. Reisa starta på Sandvoll via Toftevågen med Kristian Andenes si opne tresnekke. Om bord i snekka var brudeparet + Lina Margrete og Lars Eintveit, Brita og Knut Skarveland og Ragnhild Skarveland. På vegen inn Høylanssundet merka dei verskifte. Mørke skyer truga i aust og kvasse vindkvervar leika rundt den vesle snekka. Då dei skulle kryssa Skånevikfjorden bles det stiv kuling. Snekka jumpa opp og ned, og med kraftig sjødrev. Dei måtte krypa samman i dei verste vindkulene. Ved runding Vannes auka vinden i styrke og slo over til farlig kastevind. Passasjerar sa lite, Kristian såg rett fram og sa ingenting - på høyde med Søllesvik, - då sa Kristian: "EG VÅGA IKKJE GÅ LENGER".
Dei nødlanda i støo, ein stad på Baugstranda, omtrent mellom Åkra og Matre. Omsider fekk dei husrom i nokre hus i strandkanten. Neste dag laurdag 7. november, ikkje svartstille, - men betydelig spakare sjø. I stampesjø og snødrev kom dei endelig til Eintveit-land.
Det var på høg tid. Gudrunn og William måtte springa til gards, ta på bryllaupskleda og gjera seg klar til ny reis til Skånevik med "SEIRA" , ei hurtiggåande skøyte. Etter kyrkjelig sermoni med presten Walkner i Skånevik kyrkje gjekk turen tilbake til dei gamle stovene på Eintveit og festen kunne begynna.